Surnadal Hornmusikk med songarar, band og dansarar, inviterer fredag og laurdag til «storbandkveld» i Storstuå på Surnadal kulturhus. Torsdag kveld var pressa og nokre andre invitert til generalprøve, og her var det mykje glitter, både musikalsk og på antrekka.
Konferansier Ingebrigt Løfaldli guida oss gjennom ein musikalsk kveld inspirert av New Yorks musikalske uteliv.
«Feeling Good»
Allereie da Håkon Solem, saman med hornmusikken, i andre nummeret framførte «Feeling Good», forstod ein at dette ville bli ein skikkeleg bra konsertkveld med lokale musikarar på høgt nivå.
Surnadal Hornmusikk med solistar, band og dansarar
Det er Surnadal Hornmusikk med sin dirigent Einar Sødergren som har hovudregien for «storbandkvelden». Dei har fått med seg mange dyktige lokale musikarar og dansarar.
Toril Moe, Silje Beate Holten, Ingrid Ranes, Øystein H. Bondhus, Håkon Solem og Halvor Drøpping er solistar under «storbandkvelden» på kulturhuset.
I bandet har dei fått med seg Gard R. Nødset (slagverk), Rune Dalager (gitarar), Rolf Paulsen (tangentar) og Torbjørn Kvande (bass).
Dansarane Stine Valde og Ranja Hoem krydrar det heile med sine dansar.
Variert musikalsk program
Det musikalske, har som tidlegare nemnt, henta mykje av den musikalske inspirasjonen frå New York, men ein får også andre og norske innslag. Eit variert og fint samansett musikalsk program. Ein kan her nemne «All Of Me», «Putting On The Ritz», «Big Spender» og «New York, New York».
Det heile vart avslutta med at Halvor Drøpping song «New York, New York».
Det har nok gått med nokre øvingstimar, for «storbandkvelden» vart gjennomført utan «feilskjer».
Dette var nok eit bevis på at det er mange flinke lokale musikarar i den lokale kulturen vår.
«Storbandkveld» kan ein altså få med seg på Surnadal kulturhus fredag og laurdag. Billetter til «storbandkveld» kjøper ein her





