Torsdag kveld kom avd. banksjef Mette Helen Strand Mikkelsen på besøk til Bordholmen. Banken er no klare med den årlege gåvetildelinga til lag og organisasjonar som har søkt om tildeling av slike gåvemidlar. Todalen IL har i år søkt om midlar til utvikling og vedlikehal av nærmiljøanlegget på Bordholmen.

Gåvesjekken frå Tinde Sparebank kjem godt med når TIL startar arbeidet med opprusting av Nærmiljøanlegget på Bordholmen. Foto Jon Olav Ørsal
Det er stort behov for å ruste opp heile anlegget, fortel Endre Talgø som no er leiar i Todalen IL etter årsmøtet. Etter kvart som brikkane for finansieringa dett på plass vil vi no fullføre detaljplanleggjinga slik at vi om ikkje lenge kan starte dugnadsarbeidet seier han. Eit av delprosjekta som er kome på plana et platting rundt den nye ishockeybanen.

30.000 frå Tinde Sparebank er ein god start på finansieringa av «Nye» Bordholmen. Foto Jon Olav Ørsal
Mette Helen frå Tinde sier at det er nettop aktivitetar i nærmiljøet dei ønskjer å støtte gjennom bankens gåvetildeling. Ho fortel vidare at dei i banken har lagt merke til den store dugnadsaktiviteten i idrettslaget og at dei ønskjer å belønne slik innsats i lokalmiljøet. Todalen IL søkte om 30.000 til anlegget, og fikk tildelt 30.000 – så blir det dugnadsarbeidet som blir eigeninnsatsen.

