Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gauper observert – aktuelt å organisere kvotejakt

Jon Olav Ørsal Måndag 9. mars 2026

Det har vore hyppige observasjonar av gaupespor i Todalen den siste tida – i natt vart det observert to gauper på Kvennset.  No blir det aktuelt å organisere gaupejakt i Todalen, men da er vi avhengige av heilt ferske spor eller helst synsobservasjoner blir varsla straks, seier Øyvind Holte som er jaktkoordinator for den organiserte gaupejakta i kommunen.  For at hunder skal klare å følge spora må spor eller synsobservasjoner ikkje være eldre enn 2 timar – det er nemleg utfordande sporingstilhøve på grunn av vêr – og føreforholda. 

Gudmund Kvendset observerte gaupefar for eit par veker sia – og måler skrittlengda til 140 cm. Må være ei stor hanngaupe, sier Gudmund. Arkivfoto Jon Olav Ørsal

Det blir nemleg bruka spesialtrena hundar under gaupejakta, og dei treng heilt ferske spor for å klare å følgje etter gaupefara i terrenget.  Øyvind Holte som altså er koordinator for gaupejakta ber om at han blir varsla på telefon 911 64 329 så snar som mulig etter at observasjon blir gjort – dette gjelder for heile kommunen. 

Når det gjeld gaupejakta så er det forskjell på lisensjakt og kvotejakt.  No er det kvotejakt som pågår, og her i kommunen varer den ut mars månad.  Alle som har teke skyteprøve og har betalt jegeravgift kan delta i kvotejakta på gaupe – her trengs berre avtale med grunneigaren, fortel Øyvind Holte.  Det trengs altså ikkje lisens for gaupejakt for å delta. 

Publisert: 9. mars 2026, 16:40