Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gaupe på visitt ved Flathaugan

Jon Olav Ørsal Onsdag 18. februar 2026

Når det blir sporsnø får du sjå kor rikt dyrelivet er, seier Gudmund Kvendset, som i dag tipsa oss om at gaupa hadde vore på visitt i nærområdet til Flathauan bustadfelt.  Som ivrig jeger tok ha ein inspeksjonsrunde for å sjå kva som rører på seg på ein slik dag.   

Skrittlengde 140 cm – må være ein stor han, trur Gudmund. Foto Jon Olav Ørsal

80-åringen observerte mange hjortefar på sin runde frå husby og innover til Flathauan, men den mest eksusive observasjonen var nok gaupefara på tur ned mot bustadfeltet på Flathaugan.  Rundt 30 meter frå næraste bustadhus hadde ho kryssa etter at siste snøen kom i går kveld.  Gudmund hadde med seg målband og registrerte ein skrittlengde på 140 centimeter, og konkluderte med at dei store fara med så lang skrittlengde så måtte det være ei stor hangaupe.  

Gaupefar i nysnø – gaupa hadde tråkka i fara til turfolk ned mot Flathaugan. Foto Jon Olav Ørsal

En del rådyrfar i området avslørte nok ærendet til gaupa som nok var ute etter ein rådyrmiddag, og gaupa må nok ha eit par rådyr kvar veke for å halde seg operativ.  Det er iallfall minst ei gaupe i bygda, når ein kan registrere ferske far alt første døget etter snøfall.  

Gaupefar i nysnø ovafor Flathaugan – foto Jon Olav Ørsal

Gaupefara gikk forbi bustadfeltet på mindre enn 30 meters avstand. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 18. februar 2026, 15:01