I dag vart den første gaupa felt i årets kvotejakt – det var ei hogaupe på 17,6 kg som vart felt ved Honnstad i Surnadal no i kveld. Nokre av medlemane i «gaupejaktlaget» har vore ute på jakt no i dag, og da vart det altså resultat av jakta.
Gaupa var «ein gammel kjenning», som har vore observert på viltkamera fleire plassar i Surnadal gjennom fleire år, fortel Øyvind Holte som er jaktkoordinator for gaupejakta i Surnadal. Han fortel vidare at gaupa som vart skoten har vore utan ungar i år.
Jaktlaget har eit nært samarbeid med sauenæringa, og det er no enigheit om å avvente situasjonen før det er aktuelt å fortsette gaupejakta, seier Holte. Det er enno to gauper att for kvotejakta som varer ut mars månad.

