Tysdag var Gammelfabrikken arena for samling av snekkarbransjen ipå Nordmøre, der fleire hundre proffsnekkarar, lærlingar, tømrarelevar og andre var samla. Det var Byggmakkerbutikkane i Surnadal, saman med Tredal og Bytås som var arrangør og hadde invitert med mange leverandørar for å lage Byggmakkermesse på Gammelfabrikken.

Konrad Våbenø er prosjektleiar for Byggvaremessa på Gammelfabrikken – her har han samla både gamle og unge i bransjen – noko alle set pris på. Foto Jon olav Ørsal
Hit kom også elevane på tømrarlinja frå vidaregåande både i Kristiansund og i Surnadal – rundt 60 elevar tilsaman. Viktig at elevane får være med i miljøet og skaffe seg kunskap om produkt som blir bruka i byggbransjen og korleis opplæring og oppdatering fungerer, seier Konrad Våbenø som er prosjektleiar for Byggmakkermessa og som er vertskap for elevar og lærlingar som er på veg inn i byggebransjen.
Vi har teke med elevane på tømrarlinjene på messene i fleire år no, og har fått gode tilbakemeldingar på det frå mange kantar, seier Våbenø. – Artig er det og å sjå at dei etter nokre år kjem att som proffsnekkarar, prosjektleiarar, eller går vidare til ingeniørutdanning. Proffsnekkarane sett og stor pris på den kompetansesamlinga som Byggmakkermessa er – det er veldig lærerikt å samlast på denne måten. Mange leverandørar er med og vi får oppdatering på produkt og måtar å gjera ting på, og sjølvsagt er det viktig å ha med den sosiale biten – berre det å treffast.

Uten mat og drikke – Arve Evensen & Co frå Todalshytta sørga for grillburger til alle svoltne snekkarar. Foto Jon Olav Ørsal

Dagleg leiar May Britt Dyrli og Daniel Denton. Daniel er ny assisterande leiar, og starta jobben i Talgø den 1. august. Vi håpar at Daniel og familien kjem til å trivast i Surnadal. Foto Jon Olav Ørsal
Ny på laget i Butikkdivisjonen.
På Gammelfabrikken treffer vi Daniel Denton som er ny assisterande dagleg leiar for butikkdivisjonen i Talgø. Han kjem frå Volda, og starta på jobb hos Talgø frå 1. august. Saman med sin kjære og ein gut på 1 1/2 år flytta han frå Volda for å busette og å jobbe i Surnadal. Daniel trives veldig godt i Surnadal så langt, og familien bur opp mot marka på Aunet gård. Han liker godt både å jakte og fiske – og elles hauste i frå naturen. Læringskurven er nok bratt i starten, ettersom han er ny både i jobben og i bumiljøet. Men Daniel får vi nok sjå og høyre meir til etter kvart.

Natre presenterer sine vindu – og mange knep for montering av vindu for Kristiansund VK2. Foto Jon Olav Ørsal

Her er mange av Proff-snekkarane på Nordmøre samla til fotografering utafor Gammelfabrikken. Foto Daniel Denton



