Tysdag 15. september klokka 18:00 inviterer Svinviks arboret til omvising i fruktsamlinga til arboretet. Omvisinga vil ta for seg historia om frukthagen og korleis fukttrea og samlinga møtes i gamle dagbøker og moderne genteknologi.
Ordinær inngangsbillett gjeld denne kvelden på kroner 85,- kroner frå og med 18 år. Gratis for alle under 18 år. Inngangsbilletten kan betalast med Vipps eller kort ved porten, Oppmøte utenfor kafeen.
Kort om omvisinga
Frå DNA-analyser av dei gamle epletrea har arboretet heilt ferske resultat om kva for sortar som har overlevd gjennom mange tiår. Når ein ser dette i samanheng med informasjon frå dagbøkene til Halvor Svinvik fra 1920-talet, får ein mykje større forståing av epletrea, både i arboretet og ved Svinvik gard.
Mange spørsmål har ein fått svar på, nokre virkar klargjerande, noko overraskar, nokre forblir ubesvarte og nokre lager også nye spørsmål.
Kom og høyr korleis DNA-analyser blir gjort og korleis det gjev utslag i ny kunnskap.
Gjennom september er det også ei eiga utstilling av eplesortar fra samlinga, med beskriving.
Utstillingen kan ein besøke før eller etter omvisningen, men også ved ordinært besøk i arboretet.


