Onsdag opnar Galleri Sand Nordmøre sine dører igjen. Etter at sikringstiltak er gjort og lokala i den gamle skulebygninga er godkjent for bruksendring, opnar galleriet sine «nye» dører onsdag kl 12:00, og har ope til kl 15:00.

Frå opninga tidlegare i vinter – no er det klart for «reopning» komande onsdag kl 12:00. Det var ordførar Hugo Pedersen som kløpte snora Arkivfoto Jon Olav Ørsal
På sine Facebook-sider promoterer Sand-brødrene at dei er rede til å ta i mot besøk i galleriet. Her blir du oppfordra til å kjøpe billett før ankomst, og det gjer du digitalt ved å følgje lenka med eit klikk. Galleriet er ope frå onsdag 24. juni til og med søndag 28. juni – alle dagar i tidsrommet 12:00 til 15:00. Lenke til billettkjøp finn du her!

