I dag var det siste opningsdag for Galleri Sand Nordmøre for denne gongen. Galleriet har vore ope i 4 veker, så no må vi prioritere prosjekt vi har igang i Oslo-området i nokre veker, seier Aune Sand, som er travel oppteken med å pakke ned utstyr og som skal nå ferja på Kvanne. Galleri Sand Nordmøre i Todalen opnar igjen til hausten, men dato er førebels ikkje fastsett.
Aune Sand fortel at det har vore ein respons i særklasse heile 4-vekersperioden, og det har vore veldig artig. – Vi har fått berre positive tilbakemeldingar, og dei mange besøkande har kome langvegs frå for å kome til Todalen og sjå utstillinga på Galleri Sand Nordmøre. Egentleg synd at vi må reise herifrå no, men vi kjem sterkt attende til hausten, og da reknar vi med at både gensrane frå Tingvoll Ull og klokkene med Sand-motiv er klare for sal.
Søndag var det mange som venta på å kome inn når galleriet opna kl 12, og det fortsette å strøyme på med folk utover dagen, og Aune Sand tok med gruppe etter gruppe på rundtur i galleriet for å fortelje om kunsten og historia attafor kvar måleri.

Aune Sand tok med gruppe etter gruppe rundt for å presentere jubileumsutstillinga som har vore vist i Galleri Sand Nordmøre. Foto Jon Olav Ørsal
No blir det altså pause til det blir mørke haustkveldar, men da er jubileumsutstillinga til Galleri Sand Nordmøre på plass igjen i den gamle skulebygninga i Pilskarvegen



