Det har vore gode besøkstal for Galleri Sand Nordmøre som er lokalisert i Todalen Skule – det var ein brakstart den 11. mars, med kombinert nyopning av galleriet i kombinasjon med dobbeltjubileum for brødrene Vemund og Aune Sand, som begge fylte 60 denne dagen. Det er inge som veit det nøyaktig, men det var nok minst eit par tusen som var innom i løpet av denne dagen.

Tvillingbrørne Aune og Vebjørn Sand framfor den gamle skulen som dei kjøpte for ei krone. Foto Jon Olav Ørsal
Som sagt har det vore bra besøkt også i fortsettinga, og no er opningstida for påska klar for publisering. Galleriet er ope kvar dag fra skjærtorsdag til og med 1. påskedag. Da er opningstida 12:00 – 16:00. Onsdag 1. april og 2. påskedag (måndag 6. april) er galleriet stengt.

Frå opningsdagen den 11. mars – enno på tampen av dagen var det mykje folk i galleriet. Foto Jon Olav Ørsal

