Det vart ein «flying start» for Galleeri Sand Nordmøre som ønsdag 11. mars opna døra for publikum – da vart det både stor opningsfest og dobbelt 60-årsjubileum for tvillingbrødrene Aune og Vebjørn Sand. Det var bokstaveleg talt «stinn brakke» i gamle Todalen skule – kanskje var det nærare 2000 som stakk innom for å få med seg den store happeningen.
På opningsdagen var det gratis inngang, og det var gratis traktering av blautkake som bygdefolket og Sanitetskvinnene spanderte. Dei påfølgande dagane var det og store besøkstal i galleriet, som også har ope denne veka:
Måndag 16/3, tyrsdag 17/3, onsdag 18/3, torsdag 19/3, fredag 20/3 er opningstida kl 12:00 – 15:00
Laurdag 21/3 og søndag 22/3, er opningstida 12:00 – 16:00.
Ta gjerne kontakt med galleriet på telefon 41 41 42 32 – velkomen til Galleri Sand Nordmøre!

