Aune Sand kan berette om bra besøk i galleriet i Todalen skule i helga – både langvegsfarande og lokale har nytta høvet til å stikke innom og besøke utstillingane som fyller heile den store skulebygninga med kunst. Det meste av kunsten er det broren Vebjørn som har stått for, men det er også mykje av kunsten til kona Marianne Oulie og faren Øyvind Sand. Galleriet vil og være ope for besøk i inneværande veke.

Pop Up på plass – denne veka er galleriet ope torsdag til søndag fortel Aune Sand. Foto Jon Olav Ørsal
Opningstid for Galleri Sand Nordmøre i Todalen:
Denne veka er opningstida for galleriet slik:
-
- Torsdag 10. september
- Fredag 11. september
- Laurdag 12. september
- Søndag 13. september
Alle dager i tida frå kl 12:00 til kl 15:00
Her kan du forhandskjøpe billett til galleriet – følg linken her
Velkomen til Todalen skule og Galleri Sand Nordmøre i Piskarvegen 33 i Todalen.

