Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Galleri Sand Nordmøre – opnar igjen på fredag

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. september 2026

Fredag er vi tilbake i manesjen fortel Aune Sand på telefon frå hovudstaden – eg gler meg som ein unge på å være tilbake i Todalen og Galleri Sand Nordmøre i Pilskarvegen 33.  Etter ein hektisk sommar startar no arbeidet med å rigge til utstillinga i galleriet, som altså opnar oppatt fredag førstkomande.

Fredag skal alt være på plass igjen i Galleri Sand Nordmøre – Aune Sand gler seg til å være tilbake. Foto Jon Olav Ørsal

I denne omgangen er Galleri Sand Nordmøre ope frå fredag til søndag, der opningstida blir slik:

  • Fredag   4. september    kl 12:00 – 15:00
  • Laurdag 5. septembeer  kl 12:00 – 15:00
  • Søndag  6. september    kl 12:00 – 15:00

Kjøp billett til galleriet på førehand så sparer du tid i galleriet  –  billetter får du kjøpt ved å følge linken til heimesida til Galleri Sand Nordmøre 

 

 

 

Publisert: 2. september 2026, 11:46