Det er faktisk mange som har gjeve uttrykk for at dei har sakna deltaking på juletrefest i romjula. Todalen sokneråd tok difor hansken, og arrangerte juletrefest i Ungdomshuset 5. juledag. Og folk dem møtte opp på juletrefest – det var faktisk fullt rundt alle bord, og det var berre så vidt det vart plass til gang rundt juletreet.

Dette må bli ein tradisjon som vi må føre vidare sa Borghild Talgø da ho takka for frammøtet. Foto Jon Olav Ørsal
Borghild Talgø ønska velkomen, og gjekk rett på sam med gang rundt juletreet. Øystein Moe var musikalskleiar og starta med Prøysen-visa «Romjulsdrøm». Vidare gjekk det slag i slag med «Syver står og sagar ved», «Så går vi rundt om ein einebærbusk» og «Musevisa», heilt til det vart annonsert kaffepause med nysteikte bakels til kaffen, medan borna fekk varm kakao.

Triveleg med gang rundt juletreet og oppfrisking av dei gamle og kjente julesongane. Foto Jon Olav Ørsal
Det var lenge usikkert om nissen kom på besøk, men plutseleg dukka han opp i kjellaren, og kom med ein stor segg med gåver til alle borna. Nissen fortalte at han kom over fjellet frå Innerdalen, så han hadde hatt ein strevsam tur over fjellet i snøfokk og vind. Enkelte var nok litt skeptiske til nissebesøket, men når han opna sekken så var det nok dei fleste som drista seg fram.
Inngangen til juletrefesta var i utgangspunktet gratis for alle, men finansiering skjedde ved loddsal og vi trur det vart eit utruleg bra loddsal etter kvart – og mykje gevinstar var det da og. Etter ein lang og god pause vart det trekking før siste post på programmet var «Nordnorsk julesalme» og ein runde rundt juletreet.
Dette håpar eg kan bli ein fast tradisjon i jula, sa Borghild, da ho takka for frammøtet og for ei koseleg juletrefest som samla folk både innafor og utafor bygda. Nedafor finn du nokre bilde frå juletrefesta i Ungdomshuset – alle foto Jon Olav Ørsal



