Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fullt trøkk på Nordvik

Fullt trøkk på Nordvik

Elinor Bolme Sundag 25. november 2012

I går vart den tredje julemessa arrangert i Nistua på Nordvik. Og der var det fullt trøkk frå start til slutt kunne initiativstakar Torunn Nordvik fortelje. Størsteparten kom tidleg på dagen, for mange hadde nok sett av dagen til slike førjulsarrangement, da det var eit liknande arrangement på Hamnes også.

I alt 12 utstillarar var på plass rundt om på gardstunet i Nistua. På stabburet var det julekortfotografering med Kristine Saksen Ulvund og diverse julepynt og treprodukt av Vigdis Stokke, Mette Holten og Marit Frønes.  Ute på gardsplassen var det fiskmat å få kjøpt frå Kongshaug fisk , flatbrødbaking av Arve Thorshaug og salg frå Sylte gårdsslakteri ved Ola Sylte. Ute ved mastua sto vertinna sjølv, Torunn saman med Wencke Kvendset.  I  2. etasje i mastua hadde strikkedamene Tone Jensen, Elin Bøklepp og Ann Oddrun Solem rigga seg til med alskens fine produkt. I tillegg hadde Karin Åsbø utstilling av ein del smykker og anna fin pynt.

Som seg hør og bør var det kaffeservering for den som ikkje hadde det travlegare enn at dei kunne ta seg tia til å setje seg nedpå litt.

På det aller meste var det over 75 bilar på gardsplassen, og i følge dreng og parkeringsansvarleg Einar Nordvik var det reine kretsmeisterskap i parkering ei vending, ispedd litt julemarked.

Under er nokre bilder frå Nistua. Alle foto ElinorB

Publisert: 25. november 2012, 14:11