Fullstendig sakliste til Todalen.no sitt årsmøte onsdag 13. mai i Skulstuå Todalen, er no klar. Lag/foreiningar og bedrifter som er medlemmer i Todalen.no, kan møte med fleire representantar, men berre ein frå kvar har røysterett på årsmøtet.
Den fullstendige saklista til årsmøtet ser slik ut:
- Godkjenning av innkallinga
- Godkjenning av saklista
- Val av møteleiar
- Val av referent
- Val av to til å signerer årsmøteprotokollen
- Godkjenning av styret si årsmelding
- Godkjenning av styret sitt forslag til årsrekneskap
- Fastsetting av medlemskontingent for 2027
- Val av styre:
a. Styreleiar for 1 år
b. 2 styremedlemmar for 2 år
c. Revisor for 2026
d. 1 medlem i valkomiteen
Det blir etter den formelle delen av årsmøtet gjennomgang av statistikk og orientering om små og store hendingar i 2025, og ikkje minst, utdeling «Årets bilete 2025».
Enkel servering.
Styret ønsker alle velkommen på årsmøtet sitt i Skulstuå!

