Beste vertikalen eg har gjort nokon gong sa Erik Kårvatn, som vart nummer 5 i dagens vertikal for U23 (37 i klasse Eldre junior) i Ungdoms-VM i Makarska i Kroatia. Dei same orda kunne vi sikkert ha bruka for klubbkameraten Isak Drøpping som gikk heilt til topps i sin klasse og vart verdensmester – Junior klasse C (36 i klasse Junior 18-20 år). Begge representerer Trollheimen Fjellsportklubb og begge er løparar som representerer Randonee-landslaget.
Vi snakka med Erik rett etter løpet, og han var godt nøgd med løpet – det er greit når det lykkast seier han om dagens løp. I Makarska er det fine tilhøve no – temperatur på 17-18 grader men ikkje noko steikande sol . Dette er nok min beste vertikal ever, og eg hadde ikkje forventa det så tett oppunder vintersesongen. Men det gjekk fort unna og plukka plassar heile tida.
Både Erik og Isak har jobba mykje med trening og perfeksjonering, så det var artig at vi kunne vise til resultat av arbeidet vi har lagt ned. Erik kom i mål på 5.-plass på 41:12 som er 3:25 etter sveitseren Camesi. På dei neste plassane kom ein spanjol, ein østerriker og ein polakk.
Isak var bestemann i klassen Junior C (18-20) og kom i mål på 39.10 som er 1:45 framfor spanjolen Rovira, som vart nummer 2 . klassen. Isak gjorde eit veldig sterkt løp. Kristian Moen som løp i same klasse gjorde og eit godt løp og hamna på 8.-plass på tida 44:42
Søndag er det Skyrace som står for tur – Da er løypa på 20 km og har ein høgdeforskjell på ca 1500 meter – det blir spanande.




