Da vi stakk innom Todalshytta i dag, var det full trøkk både på innkvartering og på restauranten Ediths Spiseri. Det var pågang både frå bilande gjestar og gjestar som kom over fjellet frå Innerdalen. På kjøkkenet var det 5 kjappe damer som sørga både for matlaging og servering, og som fekk arbeidet unna seg.
Da vi var på Todalshytta gjekk dei siste borda unna, og i dag var det litt regn i lufta, slik at det var uaktuelt med servering på terrassen. – Men Arve lova at det skulle bli mat til alle, men at det kanskje vart litt ventetid. Da kom det enda ei gruppe med 8 vaksne og fleire born – men tilslutt vart det bord på alle.

Denne gjengen frå Skiptvet kom frå Innerdalen overe Snekkardalen – frå venstre Tine Schie, Thea Karlsen, Hege Schie og Laila Schie. Foto Jon Olav Ørsal
Fullt hus var det og på overnattinga – 13 gjestar som skulle ha rom i dag. I tillegg er det innlosjert helikopterpilotar og montørar som er her på linjearbeid. Dermed vart det fullt hus natt til fredag. Todalshytta opplever stor auke på overnatting, på sama måte som DNT-hyttene i resten av Trollheimen. Det er nok mange som satsar på ferie på heimebane og som har oppdaga kor bra det er.



