Det er travelt for gjengen som står på for Svinviks arboret no om dagen – i år har det vore mange busslastar med hagelagsmedlemar og andre som har besøkt hagen som Halvor og Ane Svinvik la grunnlaget for. Laurdag var det ein stor busslast frå Levanger som mønstra da arboretet opna kl 11 – da skulle dei først ha traktering med kaffe og kaker, og etterpå var det museumsgartnaren Patrick Nilsen som tok dei med på ein runde i hagen som no er ein fargefull skue. I hagen er det 400 forskjellige slag med Rododendron i alle fargar, der nokre alt er avblomstra medan andre ikkje er komne til blomstring enno.
I tillegg var det lagt opp til «Humleverksted» med La humla suse – Trøndelag. Av ein eller anna grunn var det ingen som hadde meldt seg på, men Torleif Iversen og Ida Almvik rigga seg likevel til og køyrte eit opplegg for arboretets besøkande utover dagen. Iversen er leiar for organisasjonen «La humla suse – Trøndelag» som starta arbeidet med å ta vare på og hjelpa humla for 4 år sia. No fer dei nærast land og strand rundt telt og materiell for å spre ordet. Ida Almvik er opprinneleg Surnadaling, men bur no i Trondheim. Ho er no ein av dei få som kan smykke seg med tittelen «Humlevandringsinstruktør».

Museumsgartner Patrick Nilsen på omvisning med ei gruppe som var innom på besøk. Foto Jon Olav Ørsal
Moderne jordbruk og store plener blir nærast oppfatta som ein ørken av humla, og faktisk så er så mykje som ein tredel av alle polynerande insekt borte. – Det fører til at vi blir mesta glade når vi ser ein mygg som setter seg på deg. Derfor er jobben vår å lære folk å ta vare på polynerande insekt – det kan for eksempel være bygging av humlehotell. Humla er eittårig, og det er difor viktig å ta vare på dronninga, Det er berre hoa som har brodd og kan stikke – ho har ein kombinert brodd og eggleggingsorgan, medan hannen ikkje har brodd. Hannen kan ofte kjennast på at han har ein lys «bart».
På tampen av dagen vart «humledagen» avslutta med ei humlevandring med håv. Da var det høve til å lære mer om polynerende innsekt og kva for ein viktig funksjon dei har i naturen.

Administrasjonsbygget i Svinviks arboret – her var heimen til Ane og Hallvard Svinvik. Foto Jon Olav Ørsal
Vi har fått humlebilder frå Ida Almvik – humlene såg ut til å trivast på den raude rododendronen




