Fredag stakk vi innom Den gamle skulebygninga for å ta Galleri Sand Nordmøre på pulsen. Det var langt unna at det var slik trøkk som på opningsdagen 11. mars, men det forventa vi heller ikkje. Men det var utruleg mykje besøkende i galleriet, og jammen var det stor interesse for å kjøpe kunst.
Ope 12:00 til 15:00
I denne omgangen er galleriet ope 5 dagar, med opningstid frå kl 12:00 til kl 15:00 fram til søndag 28. juni. Respons og besøkstal disse dagane vil være med og påvirke korleis fortsettinga blir, fortel Aune Sand til Todalen.no. Vi kjem til å formidle informasjon etter kvart som vi blir informert om kva dagar og tid galleriet blir ope.
I dag trefte vi Aune, som hadde besøk av May Elisabeth Holten som i sin tid var klassevenninne med Kari Sand som er mor til Aune. Dei helt framleis kontakten og det er plana at foreldra skal være med til Todalen for å sjå galleriet og for å treffe May.

Kom frå Fannrem. Denne gjengen stakk innom Todalen på veg frå Fannrem til Sunndalsøra for å sjå Ladyen. Frå venstre Edvard Øyangen, Victoria Kjøren Aune Sand og Monica Belsvik. Foto Jon Olav Ørsal
Aune er forresten veldig stolt av mora Kari, som no på etterjulsvinteren har designa ein ny flott genser i ein alder av 91 år. Denne genseren er det plana å produsere i samarbeid med Tingvoll-Ull med tanke på sal i galleriet i Todalen og andre plassar som for eksempel i Roseslottet. Todalen.no hadde verdenpremiere på genseren straks etter opninga av galleriet i Todalen, og vi skal no markere når den er klar for sal etter kvart.

Aune er stolt av faren Øyvind også – han har funne framatt penselen igen og er snart 90. Foto Jon Olav Ørsal
Besøk Galleri Sand Nordmøre
Besøk i galleriet burde være på programmet for Todalsdagen laurdag 27. juni. 33 lag skal delta i fotballcupen og da kan det være lurt å utnytte ventetida til eit besøk i galleriet – det er gratis for dei yngste. Galleriet er som sagt ope i tidsrommet 12:00 til 15:00.


