Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Full trøkk på Jultorget i arboretet

Full trøkk på Jultorget i arboretet

Jon Olav Ørsal Sundag 6. desember 2009

Jultorget i arboretet sqamla mykje folk. Da Todalen.no var innom straks etter opninga kunne vi rekne 50 bilar på parkeringsplassen, og sikkert det dobbelte på låven og kateteriaen i arboretet.
Arboretet hadde invitert ein del utstillarar til å bli med på Jultorget, og dei var representert frå Vega i Nord og til Oslo i sør.
Men det var også mange lokale utstillarar som hadde baka, sylta og safta og drevet med ymse slags husflid som tilbydde sin varer.
Det var mykje fine varer, og skal ein dømme etter antal bæreposar blant folk så var det også godt salg av julevarene.
Prosjektledar Dordi Kjersti Mogstad fortalte at dette var det siste arrangementet i den 3-årige prosjektperioden for arboretet. Frå neste år må arboretet stå på eigne bein, med Surnadal kommune som eigar.
Nordmøre museum blir ansvarleg for drifta av arboretet, saman med musea som dei driv i kommunen.

Publisert: 6. desember 2009, 11:20