Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Full klaff for Drivacupen 2026

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 27. september 2026

(Trollheimsporten.no) Laurdag inviterte Surnadal IL til første dag av Drivacup 2026. Dag to blir arrangert søndag frå klokka 10:00 og utover søndagen.

Årets utgåve over to tagar

Årets Drivacup blir altså arrangert over to dagar, noko som er nytt av året. I tillegg blir alle kampane spela i Bankhallen, noko som også er nytt av året. Som om ikkje det var nok, så er cupen flytta frå juni til slutten av september.

Rindal J 8/9 spelar mot Tynset G 8. Foto: B G Ansnes

Alle dei tre endringane såg ut til å vere positive for cupen, for det var fleire påmeldte lag i år enn dei føregåande åra. I tillegg slepp ein usikkerheita rundt vêret når kampane går innomhus i Bankhallen.

Surnadal IL G 7 spelar mot Halsa/Valsøyfjord G 7. Foto: B G Ansnes

Mykje fotball

Laurdag var det jenter og gutar i aldersgruppa 6 – 9 år som fylte Bankhallen med fotballglede, stor innsats og mykje bra spel.

Tynset IF J 9 spelar mot Rindal IL J 9. Foto: B G Ansnes

44 lag frå Tynset Idrettsforening, Rindal IL, Bøfjord/Bæverfjord, Kvass/Ulvungen FK, IL Søya, Halsa Valsøyfjord og Surnadal IL, spela totalt 68 kampar. 6 og 7 åringane spela 3-er fotball med vant, medan 8 og 9 åringane spela 5-er fotball.

Rindal IL J 7 får sine fortente pokalar. Foto: B G Ansnes

Premie til alle

Alle spelarane fekk sjølvsagt premie. I år fekk somme spelarar medalje, medan andre fekk pokalar, men uansett var gleda over premien stor hos alle spelarane!

Surnadal IL J 9 spelar mot Halsa/Valsøyfjord J 9. Foto: B G Ansnes

Open kiosk, ansiktsmåling, loddsal og lykkehjul

Dei eldste spelarar frå dei aldersbestemte laga til Surnadal IL hadde rigga seg til med ansiktsmåling, lykkehjul og loddsal.

Det var også open kiosk, der ein fekk kjøpt kaffe, brus, pølser, fiskeburgarar, sjokolade, bakels og enda meir.

Magnus Aa. Thoresen scora nok cupens flottaste mål. Foto: B G Ansnes

Cupens flottaste scoring

Det var ikkje noko eiga kåring av cupens flottaste scoring, men Tynset Idrettsforening sin spelar Magnus Aa. Thoresen ville nok ha vunne den kåringa.

Kvass/Ulvungen FK G 9 spelar mot Tynset IF G 9. Foto: B G Ansnes

I kampen mot Kvass/Ulvungen G 9 skaut han ballen i krysset frå midtbanen, til stor applaus frå både eigne supporterar og alle andre som såg scoringa.

Avsluttar søndag

Søndag er det 10 og 11 åringane som spelar sine kampar i årets utgåve av Drivacupen. Så vil ein varme opp til landskampen mellom Norge og Portugal med litt lokal cupfotball, er det berre å ta turen til Bankhallen frå klokka 10:00 søndag.

Publisert: 27. september 2026, 09:40