Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Full aktivitet sjølv med snømangel på Nordviksetra

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 2. april 2026

Skjærtorsdag inviterte Nordvik Grendalag til det tradisjonelle seterrennet på Nordviksetra. Karin Åsbø har sendt oss ein liten rapport frå årets seterrenn, som ein kan lese nedanfor. 


 

Foto: Karin Åsbø

 
Sjølv om det kom litt snø i natt, måtte det tradisjonelle seterrennet på Nordviksetra skjærtorsdag vike for vær og føre i år. Med lite snø på setra lot det seg ikke gjøre å gjennomføre dei tradisjonelle konkurransene. Men arrangørane lot seg ikkje stoppe av den grunn. I staden vart det laga ei kreativ og engasjerande aktivitetsløype som samlet både små og store til ei annleis skjærtorsdagsfeiring. 
 

Foto: Karin Åsbø

Løypa bød på ei rekke artige postar med både utfordringar og spørsmål, og deltakarane måtte samarbeide for å løyse oppgavene. Stemningen var god, og innsatsen stor blant alle som deltok.

Foto: Karin Åsbø

Som ei hyggelig avslutning vart det delt ut premie til alle deltakerne. Det kom ca 100 personar på setra.

Foto: Karin Åsbø


 

Publisert: 2. april 2026, 18:05