Det er nok litt mat å hente runt omkring på ekrene på Kvennset. Ein skokk med svaner og Kanada-gås har i fleire dagar «nytt livet» på ekrene mellom Talgø-fabrikken, Bordholmen og nedover mot Halsabrua. Her er det nok litt nygrøe som kan være lettvint mat no når det er i ferd med å bli barmark.
Det er 10-15 svaner, samt eit tjuetals Kanada-gås som har funne tilhald her, og som både finn mat og kvile i området, og dei ser ut til å kose seg. Dei er uredd, sjølv om det er mykje trafikk, og dei blir ikkje skremt om det er folk som ferdast forbi, både med og utan hundar.



