Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Frosne rør og meir enn ei veke med ventetid på rørleggar

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. februar 2026

Rørleggarane står på natt og dag for å tine frosne vassrør.  Jostein Aune som er fagleg leiar i Næss Rør & Interiør fortel at det er mellom ei og to vekers ventetid på tining av frosne vassrør.  -Vi har to lag ute på vasstining, og får ikkje gjort noko anna no om dagen.   I dag var det turen til Husby og Halle vasslag i Todalen som har frosne rør til 3 abbonnentar i Husby-grenda som fikk hjelp da vi trefte Jostein Aune og Paul Ove Sandvik i full sving.

Ikkje ein dråpe i kranen til Bodil Kvendset – ho har vore vasslaus sia før helga og sette stor pris på at rørleggarane kom i dag. Foto Jon Olav Ørsal

Og full sving har det vore i 3-4 veker no – det har gått i eitt og vorte både lange dagar og lange kveldar den siste tida.  No er det faktisk mellom 1 og 2 vekers ventetid på tining av frosne vassrør.  Vi prøvar å prioritere tjenestene litt – spesielt når det er frosne rør i fjøs.  Da må vi tenke dyrevelferd så langt det led seg gjerast.  I tillegg har vi ein viss prioritet når det er eldre som har mista vasstilførselen.

Her blir det tina frosne rør – Paul Ove Sandvik og Jostein Aune saman med Olav Halle som er leiar i HUsby & Halle vasslag som er oppdragsgjevar. Foto Jon Olav Ørsal

Sist det var mange frosne vassrør var i 2013, da var det både langvarig kulde og lite tilsig, men eg trur det er verre denne gongen.  Og det er faktisk heile distriktet som er berørt – vi har tinarjobbar både i Todalen, Stangvik, Bøfjorden, Bæverfjorden og ikkje minst i heile Surnadalføret.  

Ikkje heimbrentapparat, men vasstinar – Paul Ove og Jostein tinar med varmvatn frå ein propanbrennar. Næss Rør har to lag som er ut på tinaroppdrag rundt om krin i kommunen. Foto Jon Olav Ørsal

No er det mildvêr på gang, og dersom Yr.no treffer på, så skal det bli mange dagar med «raud» temperatur i dagane som kjem, og neste veke skriver vi mars månad, så no bør iallfall sprengkulda begynne å gje seg, seier dei to frå Næss Rør. 

Til slutt eit godt tips frå Jostein:  Pass på frosne nedløpsrør frå takrenna, slik at det er fritt avløp og at vatnet renn nedi kjellaren eller kjem inni veggar – da sprer du deg mykje bryderi – spesielt er det viktig å sikre fritt avløp dersom nedløpet er kobla saman med drenering rundt murane.  Da kan det fort bli vatn som renn inn i kjellaren – noko som ofte medfører stor skade.

Publisert: 24. februar 2026, 13:01