Måndag kveld var Frivilligsentralen komen på plass i kulturhuset, og det var klart for å invitere gjestar og brukarar til å innvie og ta i bruk den «nye» Frivilligsentralen. Flyttinga var ikkje så langt, berre 50 meter frå Fiskebygget og «heim» til kulturhuset. Det var stor interesse for å sjå og høyre om den nye Frivilligsentralen og det måtte settast inn mange ekstra stolar for å dekke behovet. Trakteringa var det Folkeakademiet med leiar Trygve Roaldset i spissen som hadde ansvaret for, og dei sørga både for raudbetesuppe og mykje godt bakverk til kaffen.

Folkeakademiet sørga for traktering – på bildet Astrid og Trgve Roaldset, Øyvind Magnor Bøe, Inger Merethe Mogstad, Geir Forbregd, Shyika Lubov og Kudlaenro Olhad. Foto Jon Olav Ørsal
Mona Rita Rønning hadde ordet på vegna av brukargruppa for Frivilligsentralen, og rosa gjengen som har stått for jobben, både frivillige, tilsette og brukarane. Ho tykte at resultat har vorte veldig gra og brukargruppa er godt nøgd med resultatet, og gler seg til å ta i bruk dei nye lokala. Ho håpar at den nye Frivilligsentralen blir som eit nytt hjarte i bygda og at alle grupper tek den i bruk.

Snart fotball-VM – forma kjøres opp for Yana Smelyk og Siv Torvik (dagleg leiar ved Frivilligsentralen) Foto Jon Olav Ørsal
Det er gjort mykje endringar, men mest av alt vises nok flyttinga av delar av biblioteket ned i førsteetasjen i tillegg til at det meste av Svorkasalen no blir bruka til lokales for Frivilligsentralen. I tillegg er kjøkkenet rusta opp og ein del andre endringar er gjort rundt om i huset.

Mona Rita Rønning er leiar for brukargruppa for Frivilligsentralen. Ho var raus med skryt til frivillige, innleide og tilsette som hadde vore med på flyttinga. Foto Jon Olav Ørsal Foto Jon Olav Ørsal
Ordførar Hugo Pedersen representerte kommunen, og han kunne minnast mange tøffe tak i Svorkasalen, men var svært begeistra for resultatet av oppussing og omflytting og tykte det har vorte lunt og godt her no. Han understreka viktigheita av den frivillige innsatsen, og trudde den på landsbasis utgjorde mellom 100-200 milliardar pr år. I frivilligheita oppnår ein både oppturar og nedturar, men det er oppturane som tel, meinte han. I den urolege tida vi lever i minna han om kor viktig det er at vi står saman og prioriterer bruk av frivilligheita framover.
I Frivilligsentralen er det mange slags aktivitetar å finne, – det finns også noko som passar deg. Pedersen oppfordra til å ta del i frivilligheita slik at du kan kjenne at du er ein ressurs. Han meinte og at det er mykje god helse i frivillig arbeid. Pedersen runda av med å takke alle som har delteke i flyttearbeidet og er stolt over alt som er gjort.
Torbjørn Larsen som er rektor og kulturleiar orienterte om «det nye» kulturhuset, og tok oss med på ein rundtur for å vise kva som er gjort og korleis ting etter kvart skal funger som ei nytt hus no som hotellet har flytta ut, og Frivilligsentralen har flytta heim til Kulturhuset.




