Ein heil busslast med historieinteresserte Freiøyingar var laurdag på Todalsvisitt. På programmet stod omvisning på Gammelfabrikken med Talgøhistoria – både den historiske møbelutstillinga, verktøyustillingane og ikkje minst Trollheimsutstillinga, med dyr og fuglar frå Trollheimen.
I tillegg presenterte Kristen Halle historia om Surnadal apotek, som var bok i høve 100-årsjubileet for apoteket i 2025. Etter ein dag med mykje historie i Todalen så bar det til Brekkøya for ein betre middag, før turen gikk heimover til Frei igjen.



