Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fredrikkekaffe med godt oppmøte

Dordi Jorunn Halle Laurdag 28. februar 2026

Sol og fint ver ute denne siste dagen i februar, og strikkekaffe med godt oppmøte inne i Sanitetshuset. Kjekt å møtast til triveleg samvær!

Helen Saksen og Kari Kvendset var vertinner. Dei serverte eplekake med krem og bakels  med mølsgraut og syltety. Alt smaka utruleg godt! Denne laurdagen var det utlodding, fine gevinstar og inntekt til Sanitetsforeninga.

Frå venstre: May-Elisabeth Holten, Jorunn Hals Ørsal, Synnøve Hole Talgø og Arndis Søyset. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Det opprinnelege namnet på strikkekaffeen var Fredrikkekaffe til minne om Fredrikke Marie Quam som var grunnleggaren av Norske Kvinners Sanitetsforening. 26. februar var det 130 år sidan Saniteskvinnene vart stifta, altså i 1896. Foreininga vart stifta på grunn av fare for krig med Sverige før unionsoppløysinga, og i 1898 opna Sanitetskvinnene skule for utdanning av sjukepleiarar med krigsplikt. Krig vart det ikkje, men året etter, i 1899, erklærte Sanitetskvinnene krig mot tuberkulosen. 

Om tre veker, 21. mars, blir det siste strikkekaffeen før påske.

Fredrikke Marie Quam (1843-1938) grunnla Norske Kvinners Sanitetsforening.

 

 

Publisert: 28. februar 2026, 21:48