Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Frå Hønhals til handduk – årets badetemp er klar!

Guro Redalen Fredag 17. juli 2026

Med stor glede kan todalen.no melde at årets vitskaplege badeundersøking er gjennomført. Resultata er lovande, om enn noko prega av at måleinstrumentet verken er EU-godkjent, kalibrert eller særleg imponert over internasjonale standardar. Men det viste tal, og det held lenge for denne badejournalisten.

Men før vi kjem til gradene må vi minne om det viktigaste: Badesesongen i Todalen opna offisielt 4. juni då Hønhalsen gjekk åv. For dei som ikkje har vakse opp med ein lett usunn interesse for geologiske detaljar i fjellsida, kan dette verke både merkeleg og smått makabert. Men i Todalen veit alle at bading før Hønhalsen fell kan føre til både frostskadar, sosial fordømming og i verste fall rykte i kaffekroken.

Lista med tips om badeplassar kunne ha vore lang og henta både frå fjell, elv og fjord, men slike plassar er nesten like heilag som gode molteplassar … (den som veit den veit). Men dei to mest tilrettelagte og allment kjente stadene, nemleg badestranda på Kvendset og Båthølen i Toåa, står framleis som solide favorittar for både plasking, soling og sosialt samvær.

Badestranda

Med sine 21 grader har badestranda teke steget inn i kategorien «vatn som faktisk kjennest ut som vatn».

Her finn du grasplen, utsikt mot fjord og fjell og temperaturar som gjer at sjølv dei mest forsiktige landkrabbane kan bli freista.

På gode dagar er dette omtrent så nær Syden som ein kjem utan å passere Elskarberget.

Samla karakter: 5 av 5 hønhalsar.

Båthølen

Båthølen leverer i år 18 grader krystallklårt elvavatn direkte frå Trollheimen sitt naturlege kjøleanlegg.

Vatnet er framleis friskt nok til at du får eit nytt syn på livet dei første sekunda etter dukken, men ikkje så kaldt at du automatisk byrjar å skrive testament i hovudet.

Dessutan er utsikta, elva og omgjevnadene framleis på verdsklasse-nivå. Bygdas mest stabile leverandør av kontrollert kuldesjokk.

Samla karakter: 5 av 5 hønhalsar.

Konklusjon:

Ein må sjølvsagt ta alle tala med ei klype salt, særleg når termometeret har omtrent same dokumenterte kvalitetssikring som eit godt fiskeskrøne. Men eitt er sikkert: Det har vore lov å bade sidan 4. juni. Hønhalsen er åv, badestranda held 21 grader og Båthølen 18 grader.

Så alle Larris sine døtre, medlemmar i Kortbrokjas Venner, handkleberarar, kobbklys-predikantar, temperaturskeptikarar, bademoralpolitiet, flyteelement på to bein og andre som framleis vurderer saka:  Finn fram badebrokja, badedrakta eller den tradisjonelle observatørrolla frå handkleet på land.

Om du framleis sit og ventar på betre forhold, er det fare for at sommaren rekk å bli ferdig før du bestemmer deg. No er det berre å hoppe uti før sommaren ombestemmer seg. Hugs: Det blir varmare etter kvart. Eller så blir du nummen. Det er eigentleg det same.

For dei som ønskjer seg meir internasjonalt anerkjente kjelder, kan vi opplyse om at nettstaden sildre.nve.no melder om 14,7 grader i Storfossen (Talgøyfoss). Som vanleg er det derfor mogleg å velje mellom todalsk optimisme og statleg måleteknologi.

Publisert: 17. juli 2026, 09:56