Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Frå 1. mai kan du Stikk UT så ofte du vil

Jon Olav Ørsal Tysdag 21. april 2026

Friluftsråda i Møre og Romdal har gjort stor suksess med sine Stikk UT-turar – 13 medlemskommunar deltek i dette opplegget, og berre Stikk UT vinter hadde i løpet av vintermånadene nærare  250 000 registrerte turar  – 16.000 personar har delteke.   I Surnadal kommune er det registrert over 15.000, der Svinviksrunden representerer 1265 og Toåa Tursti har bidrege med 1756 registreringar.  Måndag fikk alle som har postkasse eit nytt Stikk UT-kart i kassen. Det er eit kart med alle Stikk Ut- postar i heile fylket. 

Ny Stikk UT post i sommar – Jabenken (Hyllå) blir ein ny rundtur med start frå kyrkja. Foto Jon Olav Ørsal

Ny sesong for Stikk UT sommar startar nemleg 1. mai, og varer til 31.oktober.  – I år er det 3 turmål her i Todalen som registrerer deltakarar. Det er Svinviksrunden, og Toåa tursti som er velkjente mål, medan Ja-benken (Hyllå) er nytt turmål denne sesongen.  For heile Surnadal kommune kan Stikk UT by på heile 15 turmål for registrering. 

Toåa tursti er godt etablert som trimpost, og blir med vidare. Foto Jon Olav Ørsal

Ja-benken er ein rundtur, som startar ved kyrkja, og går via Husby og oppover Skogsvegen til Hyllå og vidare etter turstien ned til Flathauann og nedover til kyrkja.  Det er ein tur på ca 3 km, og har innlagt 134 høgdemeter slik at du får litt puls.  Fin tur med flott utsikt som belønning når du kjem opp. 

Ellers er det velkjente turar, med rundtur i Svinviksrunden i Gammelvegen – 4,6 km og 172 høgdemeter.  Toåa tursti er og med vidare, og 1,6 km – 3,2 km t/r – med 20 høgdemeter på turen.

Publisert: 21. april 2026, 17:00