Liv Botten har i mange år vore leiar i Surnadal demensforening og helselag, ei forening som under hennar leiing har hatt ein formidabel medlemsvekst dei siste åra. Faktisk er foreininga i dag, med sine 465 medlemmer, den nest største foreninga i Norge, berre Oslo er større.
Botten har hatt eit stort engasjement for foreninga og sakene ho brenn for. Ho har saman med styret hatt, og har eit høgt aktivitetsnivå med mange arrangement gjennom heile året.
Tysdag ettermiddag fekk Botten Nasjonalforeningens for folkehelse sin diplom og nål. Det var ordførar i Surnadal, Hugo Pedersen og nyvald leiar i Nasjonalgoreningen for folkehelsen Møre og Romsdal, Lilly Gunn Nyheim, som stod for utdelinga under ei tilstelling på Surnadal bibliotek.

Ordførar Pedersen var imponert og stolt på vegne av Surnadal over Botten sitt arbeid for pårørandeforeiningane. Foto: B G Ansnes
Det var ei særs overraska og rørt Botten, som fekk fortent heider for lang og trufast arbeid helselagsarbeid sidan 70-talet, gjennom mellom anna å ha oppretta fleire pårørandeforeiningar i Surnadal opp gjennom åra.
Botten har vore aktiv i Surnadal demens og helselag sidan 70-talet, og har sidan 2003 vore leiar i laget.
– Det er nesten ikkje eit møte i Nasjonalfireningen sentralt der Liv Botten sitt arbeid ikkje blir nemnt, mellom anna for å ha verva 160 nye medlemmer i fjor, sa leiar Lilly Gunn Nyheim i Nasjonalforeningen Møre og Romsdal under tildelinga.
– Med mykje over 500 medlemmer blir det pengar, når 45 prosent av medlemsavgifta går tilbake til lokallagene, sa Nyheim.
– Dette var virkelig en overraskelse Jeg har nesten ikke ord, og jeg er helt skjelven, sa ei rørt Liv Botten.
– Eg er verkeleg imponert over arbeidet du har lagt ned for pårørendeforeningane i Surnadal, og eg er glad for den jobben du har gjort for Surnadal, sa ordførar Hugo Pedersen under utdelinga.

Styret i Surnadal Demensforening og helselag hadde fått laga spesialpynta kake til kaffelaget. Foto: B G Ansnes
Etter utdelinga var det kaffelag med spesialpynta kake saman med resten av styret i Surnadal Demensforening og helselag, samt representantar frå fylkesstyret.


