Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Første nyhuset på 7 år for HJH Bygg

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. juli 2026

HJH Bygg er no i gang med å bygge opp igjen huset til familien Bolme etter brannen i fjor sommar.  Etter ein planleggingsperiode har det pågått både grunnboring og undersøkingar som har teke litt på tida, og gjort at prosessane har teke mesta eit år sia brannen.  

No er grunnarbeidet på det næraste ferdig og det er forlengst gjeve grønt lys for å starte gjenoppbygginga.  Hallstein Nes som er bas for bygginga fortel at dei no har fått opp reisverket for 1. etasje og har fått opp bjelkelaget for 2. etasje  – no skal det asfaltplater på veggane og det skal leggast sponplategulv til 2. etasje før snaekkarane tek eit par veker ferie. 

Status i dag er at bjelkelaget til 2.-etasjen er kome på plass. Foto Jon Olav Ørsal

I utgangspunktet er det avtala at 15. desember skal være ferdigdato, men vi møtte litt hindringar i starten, og ligg nok litt på etterskot i dag – men kanskje vi klarer å ta inn att litt utover hausten.  Det er som sagt HJH Bygg som har prosjektet, og det er far og son Nes – Halstein og Odin som skal fullføre bygget  som no er under oppføring.  

Odin og Hallstein Nes skal sette opp det nye bustadhuset i Bekkerhagan Foto Jon Olav Ørsal

Hallstein fortel at det er 7 år sia sist dei hadde nybygg av einebustad – det seier litt om korleis marknaden har vore dei siste åra.  Men når det er sagt, så har det ikkje stått på arbeid for oss i HJH Bygg – men det har vore restaureringsprosjekt, tilbygg og påbygg.  I tillegg har vi bygd eit lagerbygg for utseksjonering i Industrivegen, og det var populært og vart selt ut med ein gong. 

Publisert: 15. juli 2026, 10:33