Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Formannskapet si innstilling til økonomi- og handlingsplan for 2026-2029 lagt ut på høyring

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 4. desember 2025

Surnadal formannskap vedtok i sitt møte onsdag å legge ut innstillinga si til økonomi- og handlingsplan for perioden 2026 – 2029 på høyring. Høyringa vil ligge ute i perioden onsdag 3. desember – onsdag 17. desember klokka 16.00. Økonomi- og handlingsplan for perioden 2026 – 2029 blir behandla i Surnaadal kommunestyre torsdag 18. desember.

Dokumenta til økonomi- og handlingsplan for perioden 2026 – 2029 kan ein lese nedanfor. Dersom ein ønsker å sende inn høyringssvar, så finn ein informasjon om dette nedanfor, og fristen er altså 17. desember klokka 16:00. 

Les det digitale høyringsdokumentet (Framsikt)

Last ned PDF-versjon av høyringsdokumentet (PDF, 9 MB)

Løyvingsskjema drift og investering 2026-2029 (PDF, 2 MB)

Høyringsinnspel må sendast skriftleg til post@surnadal.kommune.no eller leverast til servicetorget på kommunehuset innan 17. desember klokka 16:00.

Først publisert: 4. desember 2025, 07:00 - Sist oppdatert: 3. desember 2025, 22:05