I stranda inn til Todalen har det etter kvart frosset opp mykje is i stikkrenner og langs vegen elles der det kjem vatn. I dag har Veidekke bruka gravemaskin for å få ned isen og for å få is over til nersida av vegen. Det blir nok meir is, for det er meldt ein ny kaldperiode – før det nok blir mildvêr og kanskje nedbør igjen.

Det er mykje is langs vegen utover stranda – no er Veidekke i gang med å fjerne isen. Foto Jon Olav Ørsal
Det er slemt at stikkrennene går tett når det blir mykje is i kaldperioder – difor har Veidekke i dag bruka steam for å opne stekkrenner utover stranda, slik at ein skal få unna vatnet dersom det blir nedbør eller mildvêr.


