Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Følgetenesta for fødande blir vidareført førebels ut november

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 22. oktober 2026
Følgetenesta for fødanda har skapt stort engasjement lokalt, etter at Helse Møre og Romsdal HF tidlegare i år sa opp avtalen om følgeteneste med kommunane. Surnadal kommune, og dei andre kommunane som er berørt, har i dag fått melding frå helseføretaket om at gjeldande avtale om følgeteneste for fødande, førebels blir forlengast fram til og med 30. november i år.

Dette betyr at jordmora i Surnadal held fram med dei oppsette jordmorvaktene sine fram til og med 30. november.

Kontakt med jordmor eller sjukehus

I periodar der jordmora i Surnadal ikkje har vakt, vil jordmor informere dei gravide om at dei skal kontakte sjukehuset direkte ved behov.

Surnadal kommune kjem at med meir informasjon om følgetenesta for fødande når det eventuelt skjer endringar eller når det føreligg ei endeleg avklaring for tenesta. 

Publisert: 22. oktober 2026, 13:51