Laurdag kveld inviterte Todalen historielag etterkommarar og bygdefolket til 150-årsjubileum for storspelemannen Halvor Ørsal, eller aller best kjent som Hallvard Ørsal. Han var fødd 22. desember i 1875 på Nertrøå i Ørsalbukta like ved elva Haukåa.
Helge Husby og Tor Erik Jenstad, som båe er habile spelemenn og mellom anna har vore med i Hørkelgaddan, hadde sett saman eit interessant historisk og musikalsk program som på ein fin og informativ måte skildra livet til Halvard (1875 – 1943). Helge hadde fått mykje av informasjonen frå Trygve Ørsal, sonen til Hallvard. Trygve var busett i Straumsneset og dreiv som bunadssaumar og litt som spelemann. Det finst ikkje lydopptak av Hallvard spele, da dei siste opptaka som var gjort gjekk tapt under tyskarane si bombing av Kristiansund i 1940.
Hallvard er nok ein av dei største spelemennene som har vore på Nordmøre og han hevda seg godt også på landsbasis. Allreie i konfirmasjonsalderen vart Hallvard mykje bruka som spelemann i bryllup og andre tilstelningar der det var musikk, og mora Ane Johansdotter var ein stor inspirator for han. Hallvard komponerte også eigen musikk, sjølv om sonen Trygve, siste gongen Helge besøkte han på aldersheimen sa: «Han far laga egentleg ikkje nå slåttar han, det va ho bessmor det – så sett`n innpå».

Nokre av etterkommarane etter Hallvard. Bak frå v. Kristin Ørsal Torvik, Jan Erik Karlsen, Ingeborg Myrvang, Hallvard Brusethaug, Kjell Nytrø og Anton Brusethaug. Framme frå v. Fillip Torvik Børmark, Kaja Torvik Børmark Natalie Astrid Brusethsug og Anja Ørsal Torvik. Foto: B G Ansnes
Hallvard vart gift med Anna Marie Stensvik frå Averøy, og dei fekk fire ungar, Anton, Ole, Ane og Trygve.
Hallvard spela i starten vanleg fele, men vart etter kvart inspirert av sonen til Myllarguten og tok til å spele Hardingfele. Dette for å kunne vinne fram på kappleikar og som konsertspelemann. Hallvard tok med seg det «gamle» repertoaret sitt over til hardingfela, slik at nordmørsmusikken levde vidare sjølv om Hallvard gjekk over til hardingfele.
Hallvard var ein inspirator for mange andre spelemenn. Spelemannen Hans Brimi frå Gudbrandsdalen var ein av dei. Han la håret til «Ørsalvis» og ba i kveldsbøna si om å bli ein like god spelemann som Hallvard.
Leif Halse ein stor beundrar
Leif Halse var ein stor beundrar av Hallvard Ørsal. Leif fortalte at Hallvard vart ein heilt annan mann når han fekk fela i hendene, da kom smilet fram. Leif lærte mange slåttar av Hallvard, men han tok ikke etter spelestilen hans.
Leif sa at Hallvard spela så lyden gret! Leif skreiv ned ein visetone etter Hallvard, som han kalla «Sørgmodig vise», ei vise som er kjent som tatervise. Den er truleg eigentleg etter mora eller søstra Ane.
Eit rikhaldig musikalsk liv
Som ein kan sjå, så hadde storspelemannen Hallvard eit rikhaldig liv fylt med musikk, og han har sett mange musikalske spor etter seg.
Dette vart godt illustrerte av Helge og Tor Erik sine interessante historier, nokre lydopptak, akkompanjert av fin musikk, der dei to fekk god hjelp av Ole Kristian Gundersen og Peder Hønsvik.

F.v. Helge Husby, Tor Erik Jenstad, Ole Kristian Gundersen og Peder Hønsvik utgjorde orkesteret under 150-årsjubileet. Foto: Jon Olav Ørsal
Etterkommarar avslutta eit interessant program
Til slutt i programmet var det eit par av etterkommarane etter Hallvard som tok ordet. Kjell Nytrø var først ute. Han takka for invitasjonen og fortalte litt om dei minna han hadde etter olefaren Hallvard, som han hadde fått høyre gjennom oppveksten og som vaksen.
Jan Erik Karlsen, er no eigaren av fela til Hallvard, men han sa at han ikkje hadde arva dei musikalske genene til Hallvard, så fela heng berre til pynt, sa han.
Rømmegraut sette eit verdig punktum
Etter det formelle programmet serverte Todalen historielag rømmegraut med spekemat, før det heile vart avslutta med kaffe og Twist.
Dei rundt søtti frammøtte fekk vere med på eit fint og interessant 150-årsjubileum for ein stor spelemann!




