Slik kan ein førebygge at vatnet frys
Kommunen oppmodar alle innbyggarar om å sjekke og sikre eigne røyr så langt det er mogleg. Her er nokre råd:
1. Hald jamn varme i rom med røyr
- Sørg for at kjellarrom, tekniske rom, krypkjellarar og andre utsette område ikkje blir for kalde. Temperaturen må ikkje vere under 10 grader+
- Unngå å skru heilt av varmen når du er borte.
2. Opne skapdører
- Dersom røyr går langs yttervegg eller inne i kjøkken- og baderomsskap, kan du opne dørene slik at varmen frå rommet kjem til.
4. Sikre og isoler utsette røyr
- Bruk isolasjon rundt røyr i kalde rom, krypkjellarar og garasjar.
- Sjekk at ventilar i kjellarar og boder ikkje står heilt opne i ekstremkulde.
5. Steng og tøm utekranar
- Utekranar som ikkje er frostsikre bør stengast og tømmast for vatn om vinteren.
6. Har vatnet allereie frose?
- Prøv å tine røyr forsiktig med varmluft (til dømes hårfønar).
- Ikkje bruk open flamme.
- Dersom du ikkje kjem til eller er usikker på ansvaret, ta kontakt med røyrleggar.
Om vatnet likevel skulle fryse, er det lurt å ha kanner med vatn ståande klare på førehand. Kommunen er behjelpeleg med kanner. Det vil alltid ta noko tid å få utbetra situasjonen, seier Geir Skoglund, driftsleiar vatn og avløp i Surnadal kommune. Han legg til at røyrleggarane i Surnadal har meir enn nok å gjere for å bistå privatpersonar.
Ordførar Hugo Pedersen oppfordrar pårørande og naboar om å bistå med å fylle vannkanner hos eldre og sårbare.
– Ver ein beredskapsvenn, seier Pedersen.
– Vi ser at kuldeperioden kan strekke seg eit par veker til framover. – Vi kan ikkje utelukke at vi må be innbyggarane om å rasjonere på vassforbruket og førebu seg på å kunne ta i mot vatn, seier Skoglund og Pedersen, og refererer til vasskrisa som oppstod i 2013 grunna frost, men håpar situasjonen ikkje blir så ille som da.
– Vi håpar innbyggarane viser tålmod og forståing i situasjonen med ein litt uvanleg vinter, seier påtroppande plan- og beredskapssjef, Gunhild Eidsli.
Kommunen ber alle som opplever bortfall av vatn om først å undersøke om det kan vere interne røyr som har frose. Dersom ein mistenker at feilen ligg på kommunal leidning, ta kontakt med:
- I ordinær opningstid (klokka 09:00 – 15:00) ring Servicetorget på telefon 71 65 58 00.
- Utanom ordinær opningstid (klokka 15:00 – 09:00) ring teknisk drift sin vakttelefon 416 35 388.
Kommunen vil også halde fram med å informere dersom situasjonen endrar seg eller det kjem behov for nye tiltak.

