Tysdag inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til fjelltur. Turmålet var Resdalen og Jølfjellet. Tretti ein turgåarar stilte opp for å vere med på fjelltur i det fine turvêret.
– Da vi kom til Sausetra åpna det fine terrenget seg og mange av Trollheimens kjente toppar kom til syne i horisonten, fnfortel Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa. Vegen gikk over til fin sti mellom moltemyrar i full blomst innover mot dagens mål.
– Opp mot Langtjønna vart vi møtt av mild vind som friskna på etter kvart som vi kom opp i høgda. Etter rast oppe ved Langtjønna valgte vi derfor å snu og ta vegen ned att, legg han til.
– Takk til kjentmann Svein Årnes som inviterte alle til kaffe på hytta, avsluttar Lars Gudmund.




