Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa tok turen til Duvåsen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 23. september 2026

Tysdag inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet surnadal på fjelltur til Duvåsen. Vêret var ikkje det beste, men tjue to spreke fjellgåarar møtte opp og vart med på turen.  

Veret er aldri ei hindring for desse 22 tøffingane som her er pa tur til Duvåsen

– Målet for tirsdagens tur var Duvåsen med sine master på toppen. Åsen  som alle som fer forbi på bygdavegen opp eller ned dalen kan sjå. Etter 3 km oppover Folldalsvegen frå Kvammen ligg  Bjønnsleet med parkeringsplass som er eit fint utgangspunkt for turar sommar som vinter, fortel Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa.

– Stien går i lett skog og myrterreng som bar preg av dei siste dagars regn og etter besøket av Amy i haust. Humøret var på topp og nista smaka godt sjølv om skodda kom og  snøyt oss for det meste av den fine utsikta frå toppen, held han fram.

Karrabenken på Duvåsen. Foto: Anne V. Einum

Tirsdag 29. september er siste turdag for denne  sesongen. Da blir det anten til Svarrafjellet eller Damvatnet alt etter veret, avsluttar Lars Gudmund.

Fleire bilder frå Fjellgruppa sin tur til Duvåsen kan ein sjå nedanfor. 

Publisert: 23. september 2026, 08:33