Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa tok alternativ tur til Bøkeskogen i Stangvik

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 9. september 2026

Tysdag inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal på tur til Slettfjellet, men vêrgudane hadde bestemt seg for å «stikke kjeppar i hjula» for den turen. Skodda låg tjukt over Slettafjellet, så dei 23 frammøtte fjellvandrarane vart einige om at Slettfjellet fekk vente til ein dag med betre vêr.

Start frå Vang i regnvêr. Foto: Anne V. Einum

– I staden køyrde vi til Vang og gjekk etter fine skogsvegar i fin skog og natur til Bøkeskogen i Stangvik via Øygardshalsen, fortel Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa.  

Matpause kring bålplassen. Foto: Anne V. Einum

– Det var visst nok  stangvikpresten Just Bing Ebbesen som plata desse trea rundt 1890. Sola var og så vidt innom å helsa på oss da vi inntok nista mellom dei  mektige trea, legg han til.

Vedkunst i Bøkeskogen. Foto: Anne V. Einum

– Der ifrå gjekk vi ned til «Den Trondhjemske postvei» og gikk på denne historiske grunn attende til bilane på Vang. Vegen mellom Bergen og Trondheim vart bygd i 1780-åra. Bøndene hadde ansvaret med  å frakte posten, avsluttar han. 

Langs gamle postvegen er det kunnskap. Foto: Anne V. Einum

Fleire bilder frå Fjellgruppa sin tur til Bøkeskogen i Stangvik kan ein sjå nedanfor.

Publisert: 9. september 2026, 08:32