Tysdag 22. september inviterer Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal på fjelltur til Duvåsen.
– Frammøte på rasteplassen ovafor Skei klokka 09:30 for samkjøring til Kvammen og tek derifrå Folldalsvegen i ca 3 km til parkeringsplassen ved Bjønnsleet, fortel Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa.
– Hugs bompengar, legg han til.
– Derifrå følger vi merka sti i 2 km med 180 m stigning til toppen. Stien går delvis over myr så hugs egna sko, avsluttar han.
Fjellgruppa ønser vel møtt til medlemmer og andre!

