Sidan vêrmeldingane meldte det beste vêret måndag denne veka, inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal like godt på fjelltur måndag i staden for tysdag, som er den vanlege fjellturdagen. Og dei 27 fjellvandrarane fekk ein vin tur i fint turvêr.
– 25 møtte opp på parkeringsplassen i Vindøldalen der Turistforeninga sin merka tursti opptil Bollen startar, kan Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa fortelje etter turen.
– Oppe ved hytta venta Sissel og Olav på oss. Her er den omlag første kilometeren langt ned ein enorm dugnadsinnsats med å lage og å legge ut vandringar over dei blautaste myrpartia, og med å flekkje av torva på berget der den var på det tynnaste, forsett Lars Gudmund.
– Stien vidare bar preg av den våte ettersummaren og hausten. Vel oppe på den 809 høge toppen vart det velfortent kvile med utsiket til fjorden og langt inn i Trøndelag og til haustkledde fjell. Ein stor takk til Sissel og Olav som på turen ned inviterte til kaffe og kaker på hytteverandaen, avsluttar han.
Fleire bilder frå Fjellgruppa sin tur til Bollen kan ein sjå nedanfor.




