Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa med finvêrstur til Flessasetra

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 20. mai 2026

Tysdag inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til fjelltur til Flessasetra. Heile førti spreke fjellgåarar møtte opp for å vere med, noko rapporten frå turen seier er ny rekord. – Svein Aarnes orienterte om gardande Båtvika, Trodalen, Haugen, Surndalsnes, og om folket og akviteten som var i området når det var fast bosetting, fortel Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa.

Smellvakkert utover mot Flessen. Foto: Anne V. Einum

– Surndalsnesset er kanskje i dag kjent for dei som ferdast sjøvegen som overgangen frå Breifjorden til Trongfjorden som kan være utfordrande når vind og vær er på det lunefulle laget, fortsetter han. 

Kvil ved Surndalsneset. Voto: Anne V. Einum

Så bar det opp etter traktorvegen opp til gardane Surndalsnes og Haugen.

Matpause med flott utsikt frå Flessensetra. Foto: Anne V. Einum

– Der står fortsatt huset dei budde i. Kanskje det eldste huset i området som har blitt teke vare på. Gardane låg i ein lun plass med godt jordsmonn som gjorde det mulig å dyrke korn. Dei mol kornet i eiga kvern. Under siste krig vart det og dyrka korn her, avsluttar Lars Gudmund.

Godt med einalang kvil etter vandring opp lia i sommarvarmen. Foto: Anne V. Einum

Etter ein pust i bakken, gjekk resten av turen opp til Flessasetra etter sti.

På heimveg gjennom fin blandingsskog. Foto: Anne V. Einum

Oppe på Flessensetra tok dei førti deltakarane ein velfortent pause for å nyte nista si, utsikt og sol, i den til no, finaste vårdagen.

Først publisert: 20. mai 2026, 10:04 - Sist oppdatert: 21. mai 2026, 09:49