Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa med fin tur til Mogstadsetra tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 17. juni 2026

Tysdag inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal fjelltur, der målet denne gongen var Mogstadsetra. Og det vart ein skikkeleg fin tur for dei 31 som var med. Fjellvandrarane starta turen frå Nestua på Mogstad, der dei møtte guiden på turen til Mogstadsetra, Inger Merete Mogstad. 

Oppi Trøinn like ovafor Nistua Mogstad med guide Inger Merethe Mogstad. Foto: Anne V. Einum

– Ho fortalte om historia til garden. Under vegs opp skogsvegen fortalte ho om bruken av området. Om den tida det budde folk på fleire plassar og det var stor aktivitet med mjølking i sommarfjøs, om markaslått, høyløer, ved og tømmerdrift, og om tiltaka som no blir gjort med å halde dei gamle naturengene ved like så dei ikkje gror att med skog og kratt, kan Lars Gunmund Røen i Fjellgruppa fortelje.  

Dagens mål Mogstadsetra er nådd. Foto: Anne V. Einum

Vel oppe ved setra fekk vi høre om flytting av setra frå den gamle stølen til der ho no står, livet på setra med gjeting og produksjon av smør og ost, og om restaureringa som vart gjort for å ivareta den gamle bygninga i mest mulig opprinneleg stand, legg han til. 

Inger Merethe viser sin far Petters gjetarsko frå 1930-40 åra. Foto: Anne V. Einum

 Takk til Inger Merete for ein historierik og interessant tur!, avsluttar Lars Gudmund. Fleire bilder frå Fjellgruppa sin tur til Mogstadsetra ser ein under. 

Publisert: 17. juni 2026, 12:00