Onsdag inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal på fjelltur til Jøldalshytta i Rennebu kommune. -Det varsla været for dagen slo til for dei 38 deltakarane på turen til Jøldalshytta, kan Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa fortelje.
Fjellvandrarane gjekk etter fin og tørr veg frå parkeringsplassen på Kleva og oppover mot Jøldalshytta.
– Vel framme vart det fortæring av niste. Somme spedde på med svele og kaffe frå hyttas kjøkken, legg Lars Gudmund til.
– Triveleg med selskap av geitene på Jelstra, avsluttar han.
Fleire bilder frå Fjellgruppa sin tur til Jøldalshytta kan ein sjå nedanfor.





