Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa med alternativ rundtur i regnvêret

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 26. mai 2026

Tysdag inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til fjelltur til Mogstadsetra, men på grunn av regnet og vinden vart dei elleve som møtte, einige om å utsette turen til Mogstadsetra til ein dag med betre vêr.

Uansett vêr fint er det å vandre langs elvepromenaden. Foto: Anne V. Einum

– Istaden gjekk vi frå Øye-bru langs elva forbi Bergemshølen, vegen om Leitet og vegen vidare opp til Kleiva, fortel Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa.

Gjennom duftande heggskog. Foto: Anne V. Einum

– Der vart det pause, inntak av niste under taket på scena og muligheter for registrering av Stikk UT-tur, legg han til. 

Om det regnar eller blæs kva gjer vel det? Foto: Anne V. Einum

– Vi håpar på betre vær på turen til Håkkåsteinen neste tirsdag, den 2. juni, avsluttar han. 

Opp mot Kleiva. Foto: Anne V. Einum

Eit lite solgløtt over Røssmoen. Foto: Anne V. Einum

Orkesterplass til bøgda frå scena på Kleiva. Foto: Anne V. Einum

 

 

Publisert: 26. mai 2026, 17:51