Tysdag inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til fjelltur. Målet for turen den første haustdagen var Tuva i Austre Fossdalen i Rindal kommune.
– Frå Nybø på Rindalsskogen køyrde vi Lomundalsvegen til Lomunda og vidare forbi Møkkelgårdgardane til parkeringsplassen i Austre Fossdalen, kan Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa fortelje.
– Frå bilane følgde vi ein grusa veg før vi tok av til den slake stien opp til Tuva. Etter kvart som vi kom ut av skogen kom det åpne dal- og fjellterrenget til syne, held han fram.
– Eit terreng som var nytt for dei aller fleste. Vel oppe på toppen vart det i det fine haustveret utsikt til Tifjellet i sør, Trollheimsfjell i sørvest, Ruten i nordvest, Hemnekjølen og Gangåsvatnet i nord og aust, legg han til.
Takk til kjentmann Odd Inge som delte sin lokalkunnskap om området med oss, avsluttar Lars Gudmund.
Fleire bilder frå Fjellgruppa sin tur kan ein sjå nedanfor.






