Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fine vassprøvar frå badeplassane i kommunen.

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. juli 2026

Som tidlegare år er det teke vassprøvar frå badeplassanen i kommunen. Prøvane er tekne i to omgangar, 14. – 16. juni og 6.-8. juli.  Det er teke prøvar frå 8 lokale badeplassar rundt i kommunnen – her i Todalen er det teke prøvar ved båthamna på Kvennset.  

Det er talet på termotolerante bakteriar (TKB) og Intestinale enterokokkar (IE) eller med andre ord er det rett og slett tarmbakteriar ein jaktar på.  Kvaliteten på badevatnet er vurdert frå 3 klassar – Utmerket, God eller Dårleg.  På dei 8 badeplassane er det eit par av prøvane som «god», resten er utmerket. Her kan det nemnast at prøvane frå båthamna i Todalen fikk karakter «Utmerket».

På kommunens nettside kan du lese meir om prøvetakinga ved badeplassane – følg lenka til saka

 

 

Publisert: 14. juli 2026, 12:35