Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fin tur i snødrevet

Fin tur i snødrevet

Elinor Bolme Laurdag 23. oktober 2010

Med stort og smått vart det rundt 20 personar som deltok på Start 4H’s tur til Nordviksetrene i dag. Heile turen gjekk i nysnø oppover skogsvegen frå forsamliungshuset på Nordvik, med vekslande nedbør. Etter ein og ein halv time var det difor godt å komma fram til seterstølen der det raskt vart opptent i ei av setrene, og i ei nærliggande hytte.

Turen skulle vere eit ledd i gjennomføringa av prosjekta til dei som hadde vald friluftsliv og andre liknande prosjekt til årets oppgåve. Programmet vart litt amputert, då berre 8 medlemmer møtte opp.

Her er det Stian Nordvik Bruset som viser dei andre korleis ein skal kaste med fluefiskestong. Han kunne fortelja at det ikkje var daglegdags at han dreiv med dette i snøver.

Ellers vart det grilling av pølse ute…

…og litt sosialt inne med kakao og inkvart anna godt som hadde funne vegen ned i sekkane. Frå venstre Emma, Bror og Turid Sæther, Jon Olav  Bergheim, Ivar Waag og Markus Bolme framom.

Nedoverturen gjekk i opphaldsver, og alle var samde om at det hadde vore ein bra tur fordi om veret var litt ustabilt i starten.

Publisert: 23. oktober 2010, 19:15