I kveld var det høgtideleg opning av Ungdomsverdencupen (YWC) i randonee som arrangerast i Surnadal denne veka. Heile 98 deltakarar frå 17 land er komne for å ta del i dette arrangementet, som startar torsdag med sprint i Surnadal alpinsenter. Arrangementet fortsett laurdag med vertikal i Strengentraseen og rundar av søndag med individuell også i Strengentrasee. Søndagens arrangement var tenkt arrangert i Dalaia på Kårvatn, men måtte flyttast på grunn av førefoholda.
Kvelden opningsseremoni i Kulturhuset starta med innmarsj og oppstilling av deltakarane på scena i Kulturhuset. Som sagt er det påmeldt 98 deltakarar frå 17 land, og det var ein prektig mønstring og presentasjon av løparane på scena i Kulturhuset. Etterpå heldt Mette Sæter Ormset som er «president» i Trollheimen fjellsport klubb tale og ønska løparane velkome til YWC, der klubben står som arrangør.
På programmet vidare fekk vi ei danseoppvisning med Dansekompaniet frå Surnadal som hadde ei flott oppvisning som dei fekk rikeleg med applaus for. Ordførar Hugo Pedersen ønska velkomen til Surnadal, og heldt talen sin på engelsk.
Torsdag kl 10 er det klart for start i Surnadal Alpinsenter – da går startskotet for sprinten – ført med prolog og fortsett vidare med kvartfinale, semifinale og til slutt finale. – Vi håpar at mange kjem for å sjå og for å delta som heiagjeng, seier Halvor Drøpping som er rennleiar for YWC.






